Slakteavfall

Kvar haust får me spørsmål om SIMAS tek imot slakteavfall.

Det gjer me!

Avfall frå dyr kan gravast ned lokalt i jaktområdet dersom avfallet ikke vil føre til luktproblem, forsøpling eller nevneverdig skade på miljøet. Avfall som er samla inn, eller teke ut frå eit slakt til human konsum, er rekna som animalske biprodukt i kategori 3.

Vi har godkjenning av Mattilsynet til å kompostere animalske biprodukt i kategori 3, og kan difor kompostere dette i vårt anlegg.

Restar og avfall frå slakt går som bioavfall og kan kastast i behaldaren for matavfall.

Me ynskjer derimot ikkje skinn eller delar av skinn, då me opplev at det skapar problem i komposteringsprosessen. Skinn og delar av skinn kan kastast i dunken for restavfall.


Forrige
Forrige

Teiknekonkurranse for 6. klassingar i Sogn

Neste
Neste

Kan eg ete ris frå dagen før?